logo.png
 
 
 

DAGLEG LEIAR i fiskevegn - SØKNADSFRIST 15. JANUAR 2019

Fiskevegn ein globalt anerkjent leverandør til maritim industri med hovudkontor på Flatraket i Selje kommune. Omsetnaden er i 2018 omlag NOK 115 mill. Konsernet har 47 tilsette, salsavdeling i Ålesund, eig Best Fishing Gear AS, næringseigedomar og 50% av Magistr-Fiskevegn Group (Latvia). Selskapet har distributørar i USA, Canada, Grønland og New Zealand. Fiskevegn er ei kompetansebedrift som er aktiv innan forsking og utvikling. Hovudprodukta er reiskap og spesialtau til fiske og havbruk, samt mekanisk utstyr til lineflåten.

DAGLEG LEIAR

Då vår daglege leiar skal ta fatt på ei ny utfordring i ein annan bransje, søkjer vi ein ny leiar som kan vere med å løfte Fiskevegn vidare.

Fiskevegn ventar vidare vekst og utvidar den lokale produksjonen. Selskapet har solide røter i den maritime kompetanseklynga i Nordfjord og Sunnmøre. Vi er kjende for innovasjon, kundetilpassa produkt av høg kvalitet, leveringsevne, samfunnsengasjement og gode relasjonar til kundar og leverandørar. Bedriftskulturen er uhøgtidleg, raus, problemløysande og langsiktig tenkjande, spegla i lojalitet og trivsel i og omkring selskapet.

Som leiar i Fiskevegn vil du vere ein pådrivar for lønsemd, trivsel og utvikling, og forvalte selskapet sitt sterke omdømme. Du vil møte spanande utfordringar som spydspiss for eit kompetent og framtidsretta miljø. Du vil ha rutinerte kollegaer som er vande til å ta ansvar og levere resultat, og ha god støtte frå styre og eigarar. Stillinga inneber internasjonal reiseaktivitet.

Du må ha føresetnader for å kunne leie ei moderne produksjonsverksemd med internasjonal aktivitet, trivast med høgt ambisjonsnivå, og ha evne til å motivere og inspirere staben. Du bør ha god forståing for relasjonsbygging og marknadsutvikling, produksjon, teknologi og økonomi, vere språksterk, ha gode leiareigenskapar og proaktiv leiarstil.

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår og ei viktig rolle i eit internasjonalt velrenommert, solid og veksande selskap.

Kontaktinformasjon

Spørsmål kan rettast til Helge Solheim (4060 7674) eller Hans Mustad (91387002). Du kan vise interesse for stillinga ved å sende CV og søknad til Elisabeth Henriksen (elisabeth@fiskevegn.no) innan 15. januar 2019. Interessemeldingar og søknader vert handsama konfidensielt.

nyheter
KONTAKT

AS Fiskevegn


Hovedkontor:
N-6717 Flatraket
+47 5785 8400

Ålesund avdeling:
Tonningsgate 27-29
N-6006 Ålesund
+47 7010 1880
   facebook.com/fiskevegn

colto.png

Stolt medlem av
Coalition of Legal Toothfish
Operators (COLTO).


Copyright AS Fiskevegn, alle rettigheter reservert