November 29th 2020

Snart kuttar han tråden for siste gong

Måndag blir Lars Solheim (70) pensjonist etter å ha jobba med tau og tauverk ved AS Fiskevegn på Flatraket i førti år. Då kuttar han tråden for godt.

Lars kan det meste om tau og tauverk etter å ha jobba med det i 40 år.

Måndag blir Lars Solheim (70) pensjonist etter å ha jobba med tau og tauverk ved AS Fiskevegn på Flatraket i førti år. Då kuttar han tråden for godt.

Det seier både noko om dei tilsette og verksemda i seg sjølv at folk blir der lenge. Frå før har nemleg Fjordenes Tidende omtala ekteparet Anne og Svein Venøy som etter førti år på den same arbeidsplassen fekk heider og ære for innsatsen.

Denne gangen er det Lars, bror til styreleiar og gründer Helge Solheim som fortener merksemd. Han kan vise til enda fleire år innan føretaket som har stått sentralt i livet til så mange personar på og rundt Flatraket. – Eg var berre gutungen då faren til Bodvar Vetrhus, Peder, starta opp med tauproduksjon for fyrste gong bort på Barmen. Eg var vel berre 12–13 år, så utanom nokre år vekke så har eg vel vore med på det her i over femti år, seier Solheim som sjølv opphavleg er frå øya. Etter kvart blei broren Helge med i verksemda som eigar, og bedrifta flytta etter kvart til Vetrhus på fastlandet i 1974, før dei etablerte seg der dei er i dag på Flatraket.

Samhald er nøkkelen til suksess

Kva som gjer at Fiskevegn AS har eit høgt snitt på ansienniteten til sine tilsette, har Solheim eit enkelt svar på.

– Det er miljøet, og det at ein blir tatt godt vare på. Det er det fleire som nemner som har jobba fleire stadar enn Fiskevegn, at det er spesielt bra samhald her i bedrifta vår, seier han.

Fiskevegn AS har ein regel som seier at ein etter fylte sytti år, ikkje lenger kan jobbe ved arbeidsplassen. Men noko problem med å fylle dagane etter at han blir pensjonist, ser ikkje Lars for seg at han skal få.

– Når ein passerer sytti er det vel kanskje på tide å gje seg, men eg ser for meg at eg kjem til å dukke opp på besøk med jamne mellomrom, seier han, og legg til:

– Og det skal eigentleg bli godt å få gjere noko anna også. Eg likar å gå turar og å sykle, og så kan eg stå opp akkurat når eg vil. Men heilt lett blir det ikkje, innrømmer han.

– Eg hadde halvvegs tenkt å spørje om eg kanskje kan få med meg nokre arbeid heim, så eg kan rigge opp liner heime med meg sjølv, smiler han.