Historia vår

Forløparen til Fiskevegn starta på Barmen i 1968. AS Fiskevegn blei stifta 10. januar 1973 på Vederhus i Selje kommune. Flytta til noverande lokasjon på Flatraket i 1982, med Stadhavet som næraste nabo. Mange av våre tilsette har lang erfaring frå arbeid om bord i fiskebåtar, både i innland og utland.

AS Fiskevegn starta opp i 1973 av grunderane Helge Solheim og Bodvar Vetrhus. Rundt tusenårsskiftet var det ca 90 tilsette og dermed største arbeidsplassen i Selje kommune. Vi er lokalisert på Flatraket med avdelingskontor i Ålesund.

Avdelingskontoret i Ålesund blei etablert på slutten av 1980-talet der vi har salskontor og butikkutsal.

I fyrste halvdel av 1990-talet oppretta vi samarbeid med salsagentar på New Zealand og i Seattle.

Dotterselskapet Best Fishing Gear blei etablert i 1999 og produserar mekaniske løysingar og autolinesystem.

Tidleg på 2000-talet etablerte vi joint venture selskapet Magistr Fiskevegn Group (MFG) i Latvia som no produserer til vår produksjon. MFG er eit dotterselskap der AS Fiskevegn har 50% av aksjane.

Frå 2000 og utover har vi vore ein aktiv aktør i utviklinga av fiske etter tannfisk i Sørishavet. Vi er stolte medlemar av COLTO (Coalition of Legal Toothfish Operators). Fiske etter tannfisk i Sørishavet har vore ei reise der vi i tett samarbeid med kunde og interesseorganisasjonar har utvikla produkt som gjer fisket meir berekraftig og reduserar den negative påverknaden på miljø og dyreliv. Dette utviklingsarbeidet har gjort at vi er verdsleiande leverandør til denne marknaden.

I 2009 utvikla vi X-klips som er eit forsterka design og eit betre klips enn tidlegare generasjon. Dette blei igjen vidareutvikla i 2015 med ToughGrip clips som var ei forsterking av det eksisterande designet.

Impregneringsprosessen endra vi i 2009 der vi gjekk vekk i frå varm tjære. Dette gav resultat i form av redusert negativ påverknad på miljø i hav og arbeidsmiljø.

I 2010 utvikla vi ein forbetra krok med tjukkare streng i samarbeid med produsent for å møte kundens behov.

Dei siste 15 åra har vi vore delaktige i eit prosjekt på utarbeiding av eit system for å unngå tap a fangst til kval. Dette prosjektet er no ute i kommersielt fiske.

I 2018 gjekk Mustad Autoline inn på eigarsida gjennom kjøp av aksjeposten til Vetrhus Holding AS. Dette knyter selskapa Mustad og Fiskevegn saman og gjer det mogleg å realisere synergiar på større delar i verdikjeda. Selskapa har både eit kunde-/leverandørforhold, samt konkurrerande på nokre områder.