Garnfiske

Fiskevegn leverar ferdig monterte garn til alt frå den største flåten som fiskar på dei djupaste vatn, til sjarkfiskaren og hobbyfiskaren. Frå grovaste ned til hobbygarn. Ein kan nytte brukte fellingar eller nye produsert på Flatraket. Garn bestillast og leverast nøyaktig etter kunden sine spesifikasjonar og behov når det gjeld dybde og maskevidde. Vi er leverandør av kvalitetsgarn frå ein fabrikk i Thailand som har produsert til oss dei siste 20 åra. Blytau og cobraline produserast ved fabrikken på Flatraket der vi har full kontroll på produktet og levera stabil god kvalitet i rett tid. Garna våra vert montert på sysalen på Flatraket av ein stabil arbeidsstokk med lang erfaring. Vi levera alle typar garn etter ønske, og har både multimono, monotwin og sengarn.