Visjon og verdier

For oss i Fiskevegn er det viktig å følge opp kundene våre. Vi yt allsidig service og ei rekkje tenestar, frå garnmontering, service og ettersyn av linesystem – til prosjektplanlegging og fiskeriutvikling i stor skala.

Fiskevegn leverer forretnings-essensielle produkt og tenester. Moderne fiske, havbruk og eit bredt spekter av maritime aktivitetar krev kvalitetsprodukter, forebyggande vedlikehold og infrastruktur som fungerar.

Selskapet er eigd 50% av Helge Solheim Holding AS og 50% av Mustad Sealine AS.

Fiskevegn er ein global leverandør med god tillit i marknaden. Vi produserar produkt av høg kvalitet og har eit godt samarbeid med våre partnarar. Vårt produktutval gjer at vi er totalleverandør og vi tilstrebar å vere leveringsdyktige på rett produkt til rett tid.

Vi er einaste lineprodusent med europeisk produksjon.

Framtid

Vi skal vidareutvikle oss til å tilby innovative, berekraftige produkt på den globale marknad i godt samarbeid med våre leverandørar, samarbeidspartnarar og kundar. Vår verksemd skal vere solid forankra i Nordfjord.

Visjon

Vår visjon er å vere ein verdsleiande produsent av line for berekraftig profesjonelt fiske.

Vår misjon er å vere totalleverandør av moderne løysingar til den nasjonale og internasjonale fiskeflåten innan bransjesegmentet botnfast reiskap. Vi skal ha eit tett samarbeid med våre samarbeidspartnarar, leverandørar og kundar, samt at vi skal være aktive på produktutvikling og innovasjon.

Vi meinar at alle ulukker kan unngås. Vi jobbar forebyggande og har løpande risikovurderingar slik at vi reduserar sannsynet for skadar på menneske, miljø eller materiell.

Overordna målsetningar

Våre daglege handlingar skal bringe oss i retninga av våre overordna målsetningar. Vårt overordna perspektiv er å skape ein trygg arbeidsplass som skapar verdiar.

 

Verdiar

Verdiane våre er grunnpilaren i vår organisasjon. Dei ligg til grunn for det arbeidet vi gjer og måten vi gjer det på.

For oss i AS Fiskevegn er vi like opptekne av korleis vi når våre mål som at vi oppnår dei.

  • Trivsel

Våre tilsette er vår viktigaste ressurs.
Vi fremjar ein kultur for samarbeid i alle delar av selskapet.
Vi respekterar kvarandre og framsnakkar i plenum og korrigerar på tomannshand.

  • Engasjert

Vi er engasjerte og søkjer dei beste løysingane for våre kundar.

Vi er utholdande og held energien oppe heilt til målstreken.

Vi tek samfunnsansvar og jobbar for å fremje berekraftige løysingar.

  • Nysgjerrig

Vi utfordrar etablerte sanningar og utviklar nye løysingar saman med kunde, leverandør og samarbeidspartnarar. Innovasjon og nytenking er nøkkelen for framtidig vekst og vi anerkjenner nye idear.

  • Kundefokusert
    Vi har kunden i fokus og tilstrebar å levere det kunden treng når dei treng det. Våre kundar er partnarar.

Fokus

Våre strategiske perspektiv er våre viktigaste fokusområde og ei rettesnor for våre handlingar.

 

  • Medarbeidarar

Våre medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. Vi dyrkar samarbeid og verdset initiativ og engasjement.

 

  • Marknad

Vi utfordrar våre konkurrentar på kvalitet og leveranse for å vere kunden sin foretrekne leverandør. Vi jobbar kontinuerlig med våre kunderelasjonar for å forstå marknad og kundens behov.

 

  • Produkt

Våre produkt skal være av høg kvalitet og tilføre kunden verdi. Framstillinga skal vere energieffektiv og vi skal velje løysinger som reduserar den negative miljømessige verknaden.

 

  • Økonomi

Vi skal skape verdi for bedrifta for å vidareutvikle og sikre oss i eit langsiktig perspektiv. Vi søkjer kontinuerleg etter forbetringar som gjer at vi vert meir effektive og lagar kostnadseffektive løysingar.

Våre strategiske initiativ er dei handlingar vi gjer for å oppnå resultat bygd på våre grunnpilarar visjon og misjon, verdiane våre og vårt fokus.