Vigdis blir pensjonist etter fire tiår

publisert 10 juli, 2025 KL. 16:03

«Eg har likt meg her heile tida, vi har hatt det veldig kjekt både på og utanfor jobb», fortel ho til kollegaen som prøver seg som journalist.

Vigdis Hatlenes som har vore i AS Fiskevegn sidan 1983, går fra 1. august over i pensjonistenes rekker. Med sine 42 år i Fiskevegn har ho hatt nok å henge fingrane i gjennom tida.

Det heile starta i 1983, når Vigdis vart tilsett som garnmontør og jobba med dette fram til rundt 1990. Då gjekk ferda vidare til administrasjonen kor ho har vore sida.

Vigdis har dei siste åra jobba mykje med fakturering og toll. Fiskevegn var tidleg ute med å implementere TVINN, dette fekk Vigdis i oppgåve å lære seg og ta i bruk. Gjennom kurs rundt om i landet vart Vigdis en «ræsar» på denne typen arbeid.

Sjølv om ho trivast i jobben innrømmer ho at det blir fint å pensjonere seg. Når det gjeld planane for tida som kjem er dei framleis ikkje spikra, men ho ser fram til å ha meir tid saman med familien.
Den spreke snart-ny-pensjonisten seier: «Der finns alltid ein ny fjelltopp å bestige», og gler seg til både turgåing og hagearbeid framover.

Idag vart ho feira under sommeravslutninga med alle ansatte, og fekk overrakt blomster og helsing frå Børge.
Det er ingen tvil om at det blir store sko og fylle når Vigdis går av med pensjon. Vi ynskjer ho alt godt i tida som kjem!