Årets brubyggjar 2018

publisert 26 oktober, 2018 KL. 10:46

(Pulisert av ASVO Måløy på deira Facebookside 26. oktober 2018) ASVO Måløy ynskjer å heidre det lokale næringslivet i distriktet som gjer ein ekstraordinær innsats for å hjelpe folk tilbake i arbeidslivet.

Desse eldsjelene bidreg til å «byggje bruer» mellom menneske og arbeid, ved å anten gi dei arbeid, praksiserfaring eller vere gode samarbeidspartnarar.

Årets brubyggjar 2018 går til Fiskevegn, som vinn prisen for eit mangeårig og godt samarbeid med ASVO Måløy på tau og garn. Fiskevegn skyt opp nye garn frå brukte tau som vi finrensar, og såleis klarar vi å skåne miljøet for unødig avfall.

Dagleg leiar i Fiskevegn, Trond-Inge Kvernevik, seier at utan ASVO sin innsats kunne ikkje dei hatt ei garnavdeling. Så her har vi klart å få til eit verdifullt samarbeid for begge partar, som gir mange arbeid.

Dette er ein grunnleggjande verdi for ASVO Måløy, og difor er Fiskevegn ein velfortent mottakar av den nystifta prisen «Årets brubyggjar».

Vi gratulerer Svein, Trond-Inge og resten av dei tilsette ved AS Fiskevegn.